VESTIGIA – ESC UNGDOMSKOMPANI FOR SAMTIDSDANS

Premiere 14.-15.januar 2023, Studio USF, Link: BIT Teatergarasjen

Forestilling 26.januar 2023, Trivselshagen Sandane, Gloppen. LINK.

Forestilling 25.februar 2023, Lærdal Kulturhus.

Hugsar du sist du gjekk berrføtt? Hugsar du sist du laug om noko? Kva med den gongen
du vart redd for eit dyr?


Å mimre og sjå seg tilbake har gjerne eit sentimentalt drag over seg. Det kan likne
dagdrøyming, noko me helst tek oss tid til når alt det andre «viktige» er gjort. I dag har
me fleire hjelpemiddel enn nokon gong før til å arkivere minna våre. Likevel kan ein
ikkje overlate sjølve handlinga mimring til noko utanfor ein sjølv: ein må delta praktisk
med tankar, ord og rørsler. Dei 8 utøvarane frå ESC ungdomskompani har fått lage
danserørsler med utgangspunkt i sine eigne, personlege minner og slik gitt desse minna
eit vidare liv og ei ny drakt. Dei lyttar aktivt til stadene der musikken, rørslene og
berøringane tangerer kvarandre. Kanskje dette liknar vår alles felles hukommelse. Om
me er merksame kan det imellom koret av enkelståande minner oppstå augneblink av
attkjenning, flyt og heilskap.

Vestigia (lat): spor, restar etter noko som var.


KREDITERING

Koreograf: Anna Einemo Frøysland
Komponist: Christian Wallumrød
Kostyme: Silje Sandodden Kise
Lys: Stephen Lunn
Koreografi assistent: Brita Grov
Ytre Øye: Karen Eide Bøen
Dansere: Birgitte Sletten Christiansen (Alver), Dekontee Bente Esther Manyeah (Bergen), Diane Morgan Acheing Onyango (Bergen), Fryd Synnøve Hyrve Kaland (Voss), Guro Arnetvedt Tvedt (Bergen), Ingeborg Rørlien (Bergen), Maria Pauline Eide Berentsen (Bergen), Thomas Myklebust (Gloppen),
Produsent: Sølvi Katrine Andersen v/ Bergen Dansesenter
Støttet av: Norsk Kulturfond, Vestland Fylke, Bergen Kommune, Det Norske Komponist Fond, Sparebanken Vest og Fana Sparebank.
Co-produsent: BIT Teatergarasjen.

Fotograf: Thor Brødreskift

Førpremiere 27.august 2022, Studio USF: Dans – En Fest

https://www.facebook.com/ungdomskompani


------ FLERE NYHETER ------

Arkiv

SeltopGrafisk Form